Luster kommunestyre har i møte 04.10.2018, sak 47/18, vedteke reguleringsplan for Grandmo 6, gnr. 87, bnr. 2 i Gaupne. Den vedtekne reguleringsplanen er lagd ut på servicetorget i Rådhuset og på biblioteket i Gaupne.
Vedtak om eigengodkjenning av reguleringsplan kan påklagast av alle med rettsleg klageinteresse i saka, jf. reglane i §12 - 12 og §1 - 9 i plan - og bygningslova, og kap. IV i forvaltningslova. Eventuell klage skal sendast skriftleg til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, innan 3 veker frå offentleg kunngjering. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området. Eventuelle krav om eller innløysing eller erstatning må setjast fram skrift leg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtak.

Reguleringskart

Reguleringsføresegner

Planomtale

Illustrasjonsplan

Kart.JPG