I det nye reglementet er kravet til medlemskontingent, gjeldande frå og med 2017, auka til kr 200. Tilsvarande krav til familiekontingent vert kr 600. Sidan medlemskontingent er noko som vert fastsett av dei enkelte organisasjonar sine årsmøte med verknad for året etter, er det naturleg å fase det inn f.o.m. 2017.

Nytt pkt. 3: Tilskot til spesielle tiltak. Søkaren må her gi ei presisering av «det spesielle» sidan grunnstønaden er den reelle økonomiske stønaden til den «ordinære» aktiviteten.

Hugs at alle faste tilskotsordningar har søknadsfrist 1. mars. Ttilskot til spesielle tiltak kan søkast på heile året.

Reglement for tilskot til kulturføremål 2016-19