Rapport - Samfunnseffektar av endringar i fylkeskommune og regional statsforvaltning

Rapporten, som vart presentert til ordførarane onsdag 7. september, gjev eit oversyn over den sterkt integrerte bu- og arbeidsmarknadsregion og kva konsekvensar endringsprosessane vil få på lokalisering, sysselsetnad og kompetanse i regionen. Vidare ser rapporten også på direkte og indirekte verknader av dei gitte endringane, samt kompetansebehov, rekrutteringsmål og moglege tiltak for å avstemma arbeidsgjevar sine behov med tilbodet i arbeidsmarknaden.

– Rapporten teiknar eit dramatisk framtidsbilete, seier Jon Håkon Odd, ordførar i Leikanger, og syner til rapporten konsulentverksemda BDO har greia ut verknadane av dei regionale endringane som påverkar dei fylkeskommunale og statlege arbeidsplassane i Sogn.

– Det er no den verkelege jobben startar der me skal kjempa for ikkje berre halde på det me har, men for å utvikle Sogn vidare, seier Odd.

– Det er klart konsekvensane kan bli alvorlege, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen. – Luster, Sogndal og Leikanger arbeider for å sikre ei god lokal utvikling. Det er store pendlarstraumar mellom kommunane og det er viktig for oss å trygge og utvikle dei offentlege arbeidsplassane i den felles bu-og arbeidsmarknaden. No er det viktig at fylket står samla!

Sogndalsordførar Jarle Aarvoll er samd med kollegaene og planlegg ein hektisk møtehaust: – Eg forventar at både lokale, regionale og nasjonale politikarar vert merksame på dei brutale konsekvensane av endringane rapporten skisserer for regionen vår, seier Aarvoll. -Me skal nytte han aktivt når me no skal ut å sikre framtida til regionen vår.

Bakgrunn
Rapporten er skriven av konsulentselskapet BDO på bestilling frå Luster, Sogndal og Leikanger kommune i regi av Byregionprogrammet for dei tre kommunane.

For meir informasjon, kontakt:

Varaordførar i Luster kommune
Marit Tenno, tlf: 45471716

Ordførar i Leikanger kommune
Jon Håkon Odd, tlf: 47706922

Odførar i Sogndal kommune
Jarle Aarvoll, tlf: 90822420