Den samla ressursen for teamet er inntil 60 %. Me ser føre oss 3-4 ressurslærarar fordelt på barnehage og skule der kvar stilling er minimum 10 % og maksimum 20 % stilling. Den som søkjer må skriva om han / ho ønskjer 10 % eller 20 % stilling.

Hovudoppgåver

- planleggja, koordinera og driva lokale fagnettverk innan språk

- delta i plan- og strategiarbeid når det gjeld kommunal språkplan

- fagleg rettleiing / formidling på einingane etter behov

- delta på nasjonal samling på Gardermoen til hausten

Kvalifikasjonskrav

- søkjarar må vera tilsette i Luster kommune barnehage-/skuleåret 2018/19

- barnehagelærarar med kunnskap om språkutvikling og arbeid med språk i barnehagen

- lærarar med kunnskap om lese- og skriveopplæringa, gjerne både begynnaropplæringa og den andre lese- og skriveopplæring knytt til fag

Personlege eigenskapar

Me søkjer etter tilsette som

- er interesserte i språk og språkutvikling

- er strukturerte og har gode samarbeidsevner

- har evne til og kjenner seg trygg i rolla som formidlar / rettleiar

- er sjølvstendige

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løn- og tilstjingsvilkår i samsvar med gjeldande regelverk

Søknad

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar.

For spørsmål om stillinga kan du kontakte kontaktpersonen. Dersom du har behov for hjelp til å søke kan du ta kontakt med

Servicetorget på tlf. 57 68 55 00. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Søknadsfrist 21.06.2018

Kontaktperson

Knut Åge Teigen, kommunalsjeg oppvekst, tlf: 57 67 55 22, mobil: 951 47 914, knut.age.teigen@luster.kommune.no