Føremålet med reguleringa er deponering og bearbeiding av gravemassar av organisk materiale, primært frå uttak av tomtar. Omsøkt område har Plan-ID 2020005 og er eit ca. 14 da stort område, synt på kartutsnitt under.

Massedeponi Lie.jpg

Planen for deponering er LNF-område i gjeldande kommuneplan. Ny bruk vert bygg- og anlegg, massedeponi og landbruk. Sivilingeniør Elias Bolstad gjennomfører planarbeidet for grunneigar Rolf Lie.

Merknader/innspel i samband med varsel om oppstart kan innan 25.04.2020 sendast: Elias Bolstad, Bolstadvegen 121, 6876 Skjolden eller på e-post: elias@bolstad.info