Frå 1. januar 2022 kan pensjonistar arbeida ekstra i skule eller barnehagar på særskilt pensjonistløn, og slik unngå å få redusert AFP-en eller alderspensjonen sin.

Ordninga gjeld til 1. juli 2022, og er vedteken for å avhjelpa den pressa bemanningssituasjonen som følgje av koronapandemien. KS har fastsett satsen for slik pensjonistløn til 300 kroner timen.   

Dersom du kan tenkja deg å vera mellombels tilkallingsvikar i barnehage eller skule, ikkje nøl med å ta kontakt med:

Barnehage: rådgjevar Oddbjørg Ese, epost: oddbjorg.ese@luster.kommune.no tlf 414 60 468

Skule: kommunalsjef Knut Åge Teigen, epost: knut.age.teigen@luster.kommune.no tlf. 951 47 914