Kurset er eit tilbod til deg som har eit familiemedlem, ein ven eller kjenning med demenssjukdom. Minnesvikt og endra veremåte er vanlege symptom ved demenssjukdommar. Gjennom førelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om og i demenssjukdommar, og kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens og deg som pårørande. Du treffer andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Kurset går i Sogndal over 5 kveldar, oppstart 20/9. Påmelding til Kari Ødegård, tlf: 57 68 56 21 e-post: kari.odegard@luster.kommune.no

 

Kursbrosjyre

 

Demenskurs illustrasjon.jpg