Over ein million til kulturminne i Vestland

Hovudutval for kultur, idrett og integrering har fordelt driftstilskot til nasjonale og regionale kulturminne. Fortidsminneforeningen Hordaland og Stiftinga Singerheimen får mest i denne runden.

foto av Singerheimen i Olden i Stryn
KULTURMINNE: Stiftinga Singerheimen i Olden i Stryn får 180 000 kr i driftstilskot etter vedtaket i hovudutvalet 17. februar. Singerheimen er eit staseleg bygg som ligg litt opp frå Olden sentrum. Her budde den amerikanske stålarvingen William Singer saman med kona Anna. Singer var kunstmålar og kunstsamlar og gav midlar til gode føremål i Olden og Nordfjord. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Driftstilskotet skal stimulere til auka frivillig aktivitet for å ta vare på faste kulturminne, kulturmiljø og landskap av regional og nasjonal verdi. Det er også eit mål at kulturminna skal overførast til komande generasjonar.

Vedlikehald, bruk og engasjement

– Vi skal ta vare på kulturarven for framtida. Vedlikehald er sentralt, men også det å leggje til rette for bruk og engasjement hjå ulike brukargrupper. Fylkeskommunen ønskjer å stimulere til at alle som vil, skal ha sjansen til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljøet, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

I denne tildelingsrunden får Fortidsminneforeningen Hordaland mest med 230 000 kr, medan Stiftinga Singerheimen i Stryn får nest mest med 180 000 kr. Hovudutvalet prioriterte i møtet 17. februar dei som har fått driftstilskot tidlegare og difor har innarbeidd slikt tilskot i budsjetta sine og planleggingsarbeidet sitt.

Desse fekk driftstilskot

  • Fortidsminneforeningen Hordaland 230 000 kr
  • Stiftinga Singerheimen 180 000 kr
  • Stiftelsen Espeland fangeleir og Gestapohuset Veiten 3: 176 068 kr
  • Bullahuset (Bullaeigendomen) 175 000 kr
  • Stiftelsen Fjeldberg prestegard 125 000 kr
  • Fortidsminneforeningen i Sogn og Fjordane: 75 000 kr
  • Norsk Jernbaneklubb 50 000 kr
  • Nord- og Midhordland sogelag: 35 000 kr
  • Stiftinga Ormelid gard 30 000 kr

Les meir om grunngjevingane i den politiske saka.