Kommunane er pålagde å kontrollera at driveplikta vert oppfylt. Luster er ein stor landbrukskommune med i overkant av 800 landbrukseigedomar, noko som gjer forvaltninga av drivepliktsreglane til ei omfattande oppgåve.

Det er no igangsett arbeid for å skaffa betre oversyn over korleis driveplikta vert oppfylt på dei einskilde landbrukseigedomane i kommunen. I samband med dette vil landbrukskontoret i løpet av våren sende ut skriv om driveplikt til alle som eig landbrukseigedom over 5 daa der jordbruksarealet vert bortleigd og jordbruksareal som eigar driv sjølv og som det ikkje vert søkt produksjonstilskot for.

Det vert sendt ut skriv til eigarane etter gards- og bruksnr. fordelt på 4 puljar;

Pulje 1 gnr. 1-50, pulje 2 gnr. 51-100, pulje 3 gnr. 101-150 og pulje 4 gnr. 151-211.

Frist for tilbakemelding på meldeskjema og evt. jordleigeavtalar er tre veker.

Jordleigeavtale 

Meldeskjema   

Meir info om driveplikt