Studiet språk – og leserettleiing på 30 studiepoeng er ei etterutdanning på masternivå for lærarar som ønskjer å setja fokus på kvalitetssikring av lese- og skriveopplæringa i skulen. Dei tre hovudområda i studiet har vore læringssyn og innovasjon, førebyggjing og tidleg innsats, balansert leseopplæring. Lærarar i studiet har vore professor emeritus Jørgen Frost og universitetslektor Vigdis Refsahl. Refsahl er ei kjenning for lærarar i Luster då ho har halde ei inspirerande kursrekke her det siste året om lesestrategiar, omgrepslæring og intensive lesekurs. 

Ansvar for kommunalt fagnettverk
Morken og Sønnesyn vil komande skuleår ha det faglege ansvaret for det kommunale fagnettverket barnehage –1.-3. trinn der temaet er den første leseopplæringa, språkutvikling og språkleik. I tillegg vil dei to nyutdanna språk- og leserettleiarane også kunna tilby rettleiing til dei andre oppveksteiningane i kommunen. Dette skuleåret var siste gongen dette studiet vert gjeve ved Institutt for spesialpedagogikk, og difor er me ekstra glade for at to av studentane i år var frå Luster.

Rekordmange lærarar i Luster har teke vidareutdanning
Vidareutdanninga til Morken og Sønnesyn er teken som del av det nasjonale etterutdanningsløftet Kompetanse for kvalitet der lærarar gjennom ei stipend- eller vikarordning kan ta vidareutdanning medan dei er i vanleg undervisningsstilling. Skuleåret 2015/16 har heile 12 lærarar i Luster nytta seg av dette tilbodet. Forutan språk- og leserettleiing har lærarar teke vidareutdanning i matematikk, naturfag, musikk, spesialpedagogikk, leiing i skulen og læringsleiing og vurdering. Me gratulerer med fullført vidareutdanning.