Varsel er sendt 15.12.17  på SMS til din mobiltelefon der kommunen har registrert ditt nummer eller ved at du har registrert deg i offentlige registre.

Varslingssystemet er integrert i vårt fagsystem for kommunale eigedomsgebyr som gjer at kommunen raskt kan varsle rett person i forhold knytta til eigedomane i kommunen. Me varslar eigarrepresentant og eller rekningsmottakar eller kontaktperson knytt til eigedomen.

I samband med vassmålaravlesing kan kommunen overstyre utsending av SMS. Dvs for einskilde eigedomar kun sende ut avlesingskort. I tillegg vil det bli sendt ut avlesingskort der kor det ikkje er gjett opp mobilnummer.

Ved feil.
Dersom du mottar en sms som du meiner er sendt til feil nummer, ber vi deg om ikkje å svare, men sjekke oppføring i følgjande registre:

  1.  www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette felles nasjonale kontaktregisteret anbefaler vi å leggje inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange henvendingar frå det offentlege vil føregå her i framtida. Dette på lik linje med sjølvmeldinga som de kanskje er kjent med frå tidlegare.
  2.  www.varslemeg.no som er eit tilleggsregister kun kobla opp mot Varsling24 og kommunens varslingssystem

Bedrifter vil få tilsendt målarkort ved fyrste utsending i 2018. For å motta andre meldingar anbefaler Luster kommune dykk likevel å registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no då telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel benytte det mobilnummeret du svarte via, eller evt. det mobilnummeret du gjer opp saman med avlesinga på www.leseav, eller som du gjer opp på svarslippen.