NAV-logo.jpgLogo Luster kommune m namn copy.jpg



Slik skal NAV få meir tid til å fylgje opp dei som treng det mest.
Det føregår ein stille digital revolusjon i NAV om dagen. Den skal hjelpe oss å oppnå det befolkninga, politikarane og NAV-medarbeidarane sjølve har bedt om i mange år: Fleksible løysingar, god oppfølging, og nok tid til å sjå  enkeltmennesket. Då må  me styre dei omlag 127 millionar henvendingane me får kvart år, slik at alle som kan, nyttar våre gode sjølvbetjeningsløysningar.

Mindre trafikk på NAV-kontoret
Gjennom åra har mange blitt vande til å gå på NAV-kontoret og få svar på spørsmål om utbetalingar, meldekort, regelverk, hjelp til å fylle ut skjema og mykje anna. Slike oppgåver skal ikkje NAV-kontoret utføre lengre. Me skal avgrense trafikken på NAV-kontora, og frå 3. april kjem me til å konsekvent syne veg til ressursane på nett, telefon og chat der det er muleg. Dersom du likevel treng å snakke med ein rådgjevar  på NAV-kontoret, kjem me til å be deg ringje og lage ei avtale på førehand. Slik kan både du og NAV-rådgjevaren  førebu dykk, og då blir det betre kvalitet både på samtalen og hjelpa me kan tilby.

Best info på nett
Den nyaste og mest oppdaterte informasjonen om dagpengar, AAP, sjukepengar og dei om lag 50 andre statlege ytingane i NAV, finst ikkje lenger i NAV-kontoret, men på nav.no. Der ligg også stadig meir tilpassa verktøy for sjukefråværsoppfølging, og mange gode ressursar for både arbeidsgjevarar, arbeidssøkjarar, familiar, pensjonistar og andre. Når du fyller ut våre elektroniske søknadsskjema får du god og kvalitetssikra rettleiing undervegs.

God rettleiing på telefon
Treng du hjelp til å bruke NAV-tenestene på nett, får du det enklast på telefon eller chat. Alle som ringjer NAV sitt  hovudnummer 55 55 33 33 får svar frå vårt landsdekkande og profesjonelle kontaktsenter. Der møter du NAV-rådgjevarar med høg og spesialisert kompetanse på dei ulike fagområda. Deira oppgåve er å vere til stades for å rettleie og svare på spørsmål - på norsk, samisk eller engelsk. NAV-medarbeidarane på kontaktsenteret skal hjelpe deg å forstå dine rettar og plikter. Dei skal bruke eit klart og tydeleg språk, og syne vegen vidare dersom det er noko du bør gjere eller nokre andre du bør kontakte.

Full oversikt på Ditt NAV
Når du har registrert deg hjå NAV, får du ei personleg side på nav.no som heiter Ditt NAV. Der loggar du deg enkelt inn på same måte som i nettbanken, med Bank-ID eller tilsvarande. Når du er innlogga har du full tilgang til alle dokument i saka di, og kan fylgje med på status for søknadar, utbetalingar og mykje meir. På Ditt NAV kan du også enkelt kommunisere med sakshandsamaren din. Dialogen mellom dykk blir lagra slik at du kan gå tilbake og sjekke kva de har blitt einige om.

Hjelp til sjølvhjelp
Nettbasert sjølvbetjening er etter kvart blitt ein naturleg del av kvardagen for svært mange, og dei fleste som oppsøkjer NAV er erfarne nettbrukarar. Men er du blant dei som ikkje får til å bruke data, internett eller smarttelefon, skal me sjølvsagt ivareta deg også. Du skal få den hjelpa du treng, slik at du etter kvart kan klare deg på eigahand. Alle NAV-kontor har PC’ar med nett-tilgang som publikum kan bruke og våre rådgjevarar syner deg korleis du brukar dei ulike nettløysingane slik at du får gjort det du skal.

Positive erfaringar
Den nye arbeidsmetodikken er allereie testa ut i seks store NAV-kontor i landet, mellom anna i NAV Tromsø. Erfaringane frå pilotkontora er svært positive: Tida som blir frigjort med god styring av henvendingar og møter, gjev NAV-rådgjevarane betre mulegheit til å planleggje og prioritere oppfølgingsarbeidet. Dermed kan dei hjelpe dei som treng det mest. Det har også vist seg at det blir mindre feil i sakshandsaminga når folk sjølv brukar nettløysningane. Mange brukarar har også blitt positivt overraska over kor mange gode digitale ressursar som fins og kor lett det er å bruke dei.

Kva skjer i NAV-kontoret, då?
«Kva skjer eigentleg på NAV-kontoret, viss dei ikkje ein gong kan hjelpe meg med meldekortet eller ta i mot papirsøknaden min? Kva brukar dei tida på eigentleg?»

Slike spørsmål hender det me får.

Svaret er at NAV-kontoret brukar tida på dei som treng det mest: Ungdom, personar som har utfordringar med å kome i arbeid på grunn av helse- eller språkproblem. Dette er dei gruppene me er bedt om å prioritere, og dei skal få individuelt tilpassa oppfølging slik at dei etter kvart klarar seg sjølv.

NAV-kontoret er altså rett adresse dersom du har avtalt møte med ein rådgjevar, treng råd og hjelp for å kome i arbeid eller vil ha rettleiing om korleis du kan bruke våre digitale løysingar. For svært mange andre tenester må du oppsøkje landet sitt største NAV-kontor; nav.no. Det er til gjengjeld open både dag og natt heile veka.

Velkomen!