Vedtaket til kommunestyret i Luster den 22. september:

  1. Luster kommune ber om tingingar med Sogndal og Leikanger om vidare samarbeid om Sogn kulturskule.

  2. Luster kommune ynskjer å ta på seg vertskommuneansvaret for Sogn kulturskule. Rådmannen får fullmakt til å inngå tingingar med Sogndal og Leikanger kommune på dette, og legg resultatet fram i kommunestyremøtet i desember 2016.

  3. Luster kommune bør leggje opp til ein ny administrativ organisering av Sogn kulturskule. I tråd med rapporten «kulturskuletilbodet i Luster kommune» bør det opprettast ei felles eining med felles leiar som får ansvaret for både kulturskule og øvrige kulturaktivitetar i Luster kommune. Kommunestyret ber rådmannen utgreie alternativ på slik organisering.