Det er fleire grunnar for ny forskrift: Endringar i overordna lovverk, utvikling i avfallssektoren, behov for presiseringar og forenklingar på ein del felt.

  • Tidlegare «Forskrift for innsamling av hushaldningsavfall og slamtømming» og «Forskrift om renovasjon - og slamgebyr etter ureiningslova § 26 og § 34» er slegne saman til ei forskrift.
  • Forskrifta gjeld for heile kommunen.
  • Det vert ikkje gjeve fritak for fritidshus, hytter, m.v. på grunnlag av at eigedomen ikkje er i bruk, at den har tungvint bruk, at avfallsordning er unødvendig, eller av liknande grunnar.
  • Ved søknad om fritak for slamtømming, må det leggjast fram dokumentasjon på at slamtank fysisk vert kopla frå bygningar på eigedomen eller anboringspunktet er plombert. Avstandsreduksjon er teke vekk.
  • Næring er teke ut av forskrifta (skal vere klårt skilje mellom hushaldsavfall og næring).
  • Frådrag for einslege går ut. Dette vert erstatta med moglegheit for mindre avfallsbehaldarar.
  • Fritidsabonnement med avfallsbehaldar går ut, då SIMAS jobbar med andre løysingar for sortering av avfall for fritidsabonnentar.
  • Gebyret (renovasjon og slam) kan krevjast inn i fleire terminar.
  • Gebyret vert rekna ut frå ein fast (avfallsuavhengig) del og ein variabel (avfallsavhengig) del.
  • Alle klokkeslett, datoar, prisar, vekter, %, sorteringsreglement, tømmefrekvensar o.l. vert flytta til SIM AS sine retningsliner (ut av forskrift).

Her kan du lesa den nye forskrifta