Evjestad har ein variert og solid skulebakgrunn som både lærar, rektor og tidlegare skulefagleg ansvarleg i Luster kommune. Dei siste åra har ho hatt regionale prosjektstillingar; først som prosjektleiar i Sogn og Fjordane for den nasjonale skulesatsinga kalla GNIST og sidan 2014 som utviklingsrettleiar i region Sogn for Ungdomstrinn i utvikling, den nasjonale satsinga på kompetanseutvikling og utviklingsarbeid i ungdomsskulane. 

Evjestad vil ta over stillinga som rektor/styrar etter nærare avtale i månadsskiftet september/oktober. 

Inger Marie Evjestad

Inger Marie Evjestad