Luster kommune er sterkt kritiske til ei ytterlegare sentralisering av viktige offentlege tenester.

Luster kommune er oppteken av at politireforma frå Stortinget si side er ei nærpolitireform som skal sikra tilgjengeleg og synleg politi, kort responstid, god førebygging og polititilsette som arbeider og bur i folk sitt nærmiljø.

Politireforma må ikkje gå inn i ei rekkje av reformer som «flyttar» allereie knappe resursar inn mot sentrale strøk. Føresetnadene frå Stortinget om eit sterkare nærpoliti må fylgjast opp.

Lensmannskontora våre er viktige i høve:

  • førebyggjande og haldningsskapande arbeid, noko ein ser att på låge tal innan kriminalitet, vold og narkotika,
  • tryggleiken og servicen til innbyggjarane våre og
  • beredskap – der lokalkunnskapen deira er svært viktig og ofte avgjerande.

Luster kommune har eit klart ønske om å oppretthalda og styrkja dagens struktur.

Derfor ynskjer kommunen primært at dagens tenestestad med lensmannskontor i Gaupne vert oppretthalden.

Luster kommune vil vidare påpeike at dei økonomiske resursane til beredskap, vaktordning og generelt politiarbeid i Sogn i dag er langt ifrå tilfredsstillande.

Kommunen  og regionen er eit stort geografisk område med store avstandar.

Dei geografiske omsyna i Sogn understrekar trongen for styrka økonomiske ressursar. Dette uavhengig av kva politimeistaren konkluderer med i høve nærpolitireforma.

Luster kommune meiner at det bør vere 3 geografiske driftseiningar i Sogn og Fjordane, og at Sogn bør inngå i Vest politidistrikt som eigen geografisk driftseining.