Tilskotsordninga skal bidra til å sikre forsvarleg handsaming av kasserte båtar og stimulere til auka innsamling til materialgjenvinning og anna lovleg handsaming av desse og slik forebygge at kasserte fritidsbåtar kjem på avvege.

 

Kva typar båtar inngår i ordninga:

Med fritidsbåtar meiner ein her fartøy til sports- og fritidsbruk med skroglengde inntil 15 fot / 4,57 meter, uavhengig av totalvekt, og som nyttast utanfor næringsverksemd. Mindre fartøy som kano og kajakk inngår i tilskotsordninga. Fritidsbåtar med aluminiumskrog samt kjøl og ballast i metall, omfattast ikkje av denne tilskotsordninga.

Båt over 15 fot må leverast i Festingdalen.

 

Tilskotsordning for eigar av båten:

- Eigaren må fylle ut skjema «Bekreftelse på at fritidsbåt er levert til lovlig mottak»  Operatør på miljøstasjonen fyller ut org.nr. (974888076) og signera nedst på skjema.

- Eigaren må sjølv søkje via Miljødirektoratet om tilskot og leggje ved skjema som er signert av/på lovleg mottak.