Molden er eit av dei mest populære turmåla i kommunen vår og så mange som mogeleg bør oppleve det utsynet, vidsynet og klarsynet som eit besøk på toppen vil gje! Det å ha eit felles mål å strekkje seg mot, kan vere viktig for samhald og engasjement i ei bedrift. I tillegg, er den helsemessige gevinsten udiskutabel. Spreke og aktive tilsette vil få betre helse, noko som òg kan ha positiv effekt på sjukefråveret i bedrifta.

Nokre av bedriftene er sponsorar, og har gjennom sponsoravtalane sine fått tildelt eit visst tal gratispåmeldingar. Desse kan bedrifta nytte slik dei finn det for godt, men me ynskjer å presisere at det i bedriftskonkurransen berre er dei som faktisk er tilsette i bedrifta som tel. Vinnarane vert kåra ut frå kven av bedriftene som klarer å stille med høgast mogeleg prosentvis deltaking.

Alle må melde seg på via nettet på www.moldenopp.no

I tillegg må ein ansvarleg i kvar bedrift/eining sende ei samleliste over alle tilsette som skal delta i bedriftskonkurransen til marianne.moen@gaupne.no innan tysdag 12.juni kl. 16.00. På denne lista må det i tillegg stå kor mange tilsette bedrifta har totalt. Ein reknar då tal hovud ein har arbeidsgjevaransvar for, ikkje tal årsverk.

Sprekaste bedrift

Bedriftene vert delt inn i tre ulike grupper etter tal tilsette:

Små bedrifter Frå 4-10 tilsette. Vinnar i 2011, 2012, 2013, 2014, 2015, 2016 og 2017 var Sportsbui. I 2013 delte dei sigeren med Luster betong.
Mellomstore bedrifter Frå 11-25 tilsette. Vinnar i 2011, 2012 og 2013 var Spar. I 2014 og 2015 var det Tørvis som gjekk av med sigeren, medan Norconsult vann i 2016 og 2017.
Store bedrifter Over 26 tilsette. Vinnar i 2011, 2012 og 2013 var Luster Energiverk. I 2014 måtte dei sjå seg slått av Statkraft. I 2015 vart det delt siger mellom Spar og Luster Energiverk. Luster Energiverk vann også i 2016 og 2017.
  • I Luster kommune er kvart oppvekstsenter, Gaupne barnehage, Hafslo barnehage, Gamlestova barnehage, Gaupne skule, Luster ungdomsskule, Hafslo barne- og ungdomsskule, Rådhuset, ATS, Helsesenteret, Tenestekontoret, Luster sentralkjøken, Luster omsorgssenter, Gaupne omsorgssenter, Hafslo omsorgssenter, Grandmo busenter og teknisk drift å rekne som sjølvstendige einingar/bedrifter og vert plasserte i rett gruppe etter tal tilsette.

Det vert kåra ein vinnar i kvar gruppe. Premien vert ei synleg utmerking som kan plasserast på arbeidspassen, i tillegg til godt omdøme, heider og ære. Alle deltakarane vil også få ein flott deltakarmedalje.

Korleis melde dykk på? 

  • Gå inn på www.moldenopp.no
  • På menylinja til venstre, må du velje ”påmelding” og gå inn på påmeldingsskjemaet
  • Fyll ut alle naudsynte opplysningar. Det er ei eiga kolonne for dei som deltek i bedriftskonkurransen. Der skriv du inn namnet på arbeidsstaden din
  • Påmeldinga vert registrert når du har betalt inn startkontingenten til kto. 3785.11.38138 (gjeld ikkje gratispåmeldingane til sponsorane – då legg du inn ein merknad om at bedrifta er sponsor)
  • Det er ulik startkontingent i konkurranseklassen og i mosjonsklassen. Startkontingenten er 200,- i mosjon og 300,- i konkurranse. Dersom det er fleire i familien som skal delta i mosjonsklassen, skal de ikkje betale meir enn 400,- til saman (familie er to vaksne og x tal barn under 16 år).
  • Det vil også vere høve til å melde seg på og betale kontant ved Sportsbui sin stand under Lustradagane laurdag 9. juni, i sekretariatet på kaien i Marifjøra  frå kl. 17.30-20.00 fredag 15. juni eller frå kl. 08.00-10.00 laurdag 16. juni.

Lukke til med treninga!
Håpar me treffest på Molden laurdag 16. juni.