Kommunen har ansvar for å fastsetja lokal forskrift om opning av jakt på hjort, med minsteareal for tildeling av fellingsløyve, jf. hjorteviltforskrifta §§ 5 og 6. Føremålet er å leggja til rette for ei berekraftig forvaltning, ut frå kommunale mål for bestandsutvikling, jf. §§ 1 og 3 i forskrifta.Luster kommune har i lokal forskrift av 06.02.18, fastsett minsteareal for jakt påhjort til 500 dekar for heile kommunen.
 

 Forslag til ny forskrift:

1. Det er høve til å driva jakt på elg, hjort og rådyr i Luster kommune.
2. Minsteareal for elgog rådyr vert fastsett til 10000 dekar for elg og 1000 dekar for rådyr
3. Minsteareal for hjort vert fastsett til 375 dekar for sone 2, 3, 4 og 5. Minsteareal for hjort vert fastsett til 900 dekar for sone 1 og 6.

(sonenummer: jf. kart i høyringsdokumentet.)

Denne forskrifta trer i kraft 01.01.2023 og samstundes vert forskrift av 06.02.2018 nr. 281, om opning for jakt og minsteareal for elg, hjort og rådyr, Luster kommune, Sogn og Fjordane, oppheva.

Sjå høyringsdokument