Arbeidsoppgåver
individuell oppfølging av tenestemottakarar ut frå enkeltvedtak
miljøterapeutiske oppgåver
helsehjelp i heimen
samarbeid med andre instansar og pårørande

Kvalifikasjonar
Det er ønskeleg med 3-årig helse/sosialfagleg utdanning, men andre med relevant erfaring innan fagfeltet kan bli vurderte.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og me søker ein person som:

- liker å samarbeide med andre, men som og kan arbeide sjølvstendig
- kan skape ein god og trygg kvardag for brukarane
- liker utfordrande oppgåver
- er påliteleg, fleksibel og trygg i arbeidsrolla si

Særskild for stillinga
Arbeid i turnus med langvakter, og som ein del av dette, arbeid på helg. Varigheit for stillinga er frå tidleg februar 2018 til tidleg
februar 2019.

Søknad
Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar.
For spørsmål om stillinga kan du kontakte kontaktpersonen. Dersom du har behov for hjelp til å søke kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Søknadsfrist 10.01.2018

Kontaktperson
Merete Marvik, Tiltaksleiar, mobil: 47337202, merethe.marvik@luster.kommune.no