Brukar og hjelpargruppa arrangerar kvart år samling for brukarar og hjelparar innan psykisk helse. Årets samling er delt i to der den eine er på dagtid og retta mot fagfolk (og andre interesserte). I tillegg har vi ei samling spesielt retta mot brukarar, pårørande og andre interesserte på kveldstid samme dag, med dei samme førelesarane.

Kurset er gratis, men dei som deltek på dagtid må betale kr 500 for utgifter til servering. Faktura blir sendt til arbeidsgjevar etter kurset. Samlinga på kveldstid er gratis.

Påmelding innan 18. september til Indre Sogn psykiatrisenter tlf 57 62 75 00 eller epost: oygunn.elin.saur@helse-forde.no. Når du melder deg på er det fint om du opplyser om du vil møte på dag eller kveldstid. Møter du på dagtid må du opplyse om fakturaadresse.

Program Dagtid
08.30 – 09.00     Frammøte/registrering kaffi og rundstykke
09.00 – 09.20     Velkomen/musikalsk innslag ved Kari Malmanger

09.20 – 10.45     Jakta på perfekte bilde, vegen inn og ut av svart tungsinn
                            ved fotograf Thomas Morel

10.45 – 11.00     Pause

11.00 – 12.30     Livet i psykosen og vegen tilbake
                               Identitetsoppleving i psykosen, hallusinasjonar og psykoseutvikling.
                               Viktige element i rehabiliteringsprosessen
                               ved psykologspesialist Arnhild Lauveng

12.30 – 13.30     Lunsj

13.30 – 13.45     Arnhild Laugeng forts.

14.30 – 14.45     Pause

14.45 – 15.30     Det å vere medmenneske. Ein som bryr seg
ved Oddrun Midtbø, frilans journalist og leiar som TV aksjonen Sogn og Fjordane 2018

15.30                     Slutt, vel heim

 

Program kveld, open for alle interesserte

16.15 – 16.45     Frammøte enkel bevertning

16.45 – 17.00     Velkomen

17.00 – 18.00     Jakta på perfekte bilde, vegen inn og ut av svart tungsinn
ved fotograf Thomas Morel

18.00 – 18.15     Pause

18.15 – 18.30     Musikalsk innslag ved Kari Malmanger

18.30 – 19.30     I morgen var jeg alltid en løve
Ved psykologspesialist Arnhild Lauveng som tidlegare hadde diagnosen schizofreni. Føredraget handlar om hennar eigne erfaringar med å ha hatt diagnosen schizofreni og vegen tilbake.

19.30 – 19.45     Musikalsk innslag ved Kari, Slutt og vel heim

 

Litt om førelesarane

Musikk/kulturelt innslag: 

Kari Malmanger
Kjent folkemusikar og songar busett i Sogndal
https://www.youtube.com/watch?v=NoVKftHtaOE&list=PLmLh0mu00ZMYhZIDg6pP_84AcYcOIXWlu

Thomas Morel
Internasjonalt nyskapande og kjent fotograf som også har gjeve psykisk sjukdom hjå menn eit andlet utad.
https://www.nrk.no/sognogfjordane/verda-beundra-bileta-hans-_-sjolv-var-han-i-ferd-med-a-ga-under-1.13819615

Arnhild Lauveng
Spesialist i klinisk samfunnpsykologi, aktiv føredragsholdar som har skrive fleire bøker om psykisk helse, mellom anna den biografiske boka «i morgen var jeg alltid en løve». Ho brukar ofte historiar frå eige liv som tidlegare diagnostifisert schizofren i føredraga sine.

http://www.psykologtidsskriftet.no/index.php?seks_id=228016&a=3

Oddrun Midtbø
Frilanser journalist, tekstforfattar, foto og illustrasjonar. Leiar i Sogn og Fjordane for TV aksjonen 2018 «Mindre alene sammen» (Kirkens bymisjon)

http://www.oddrun.com/