Kurshaldaren, Trude Anette Brendeland, er utdanna førskulelærar ved Høgskulen i Bergen med barnekultur og kulturformidling som fordjuping. Ho har jobba som pedagogisk leiar i fleire barnehagar, vore teaterskulelærar i Vestlandske Teatersenter, jobba som pedagogisk konsulent i Bergen kommune og vore prosjektansvarlig for språkstimulering av fleirspråklege barn. Ho har gitt ut boka "Magiske samlingsstunder" i 2009, og har etter det hatt mange kurs og foredrag, skrive mange artiklar og nye bøker. 


Trude Anette fortel_cropped_419x400.jpg

Trude Anette Brendeland er særlig opptatt av å løfte fram og ivareta livsglede, livsmot og energi der små og store menneske møtest. Ho likar å fortelje om huldrer, tussar og troll, og eventyr og forteljingar frå heile verda. Ho er spesielt oppteken av å bruke estetiske fag - musikk, drama og kunst blant barn.

 

Eventyrkoffertar.jpg

På kurset fekk dei tilsette i barnehagane tips, idear og inspirasjon til å skape magiske samlingsstunder med opplevingar som blir viktige for barn og vaksne. Korleis løfte samlingstunda i barnehagen frå eit rutineprega møte, til eit høgdepunkt med leik, humor, estetiske stemningar, inntrykk og uttrykk. 

Kurset fall i smak hjå dei tilsette som fekk nye idear og praktiske tips til å lage magiske samlingstunder i barnehagen, der det «kitla i magen» av forventning og livsglede hjå små og store.

Takk til Eikum hotell som tok godt i mot oss og ordna alt det praktiske på ein god måte!

 

Dei tilsette3_cropped_641x327.jpg

Dei tilsette2_cropped_580x339.jpg