Årets bedrift 2016 til Lustrabui.jpg

Ordføraren sin tale på marknaden:

Utdelinga av prisen ”Årets bedrift i Luster” er ei årleg  tilskiping på Lustramarknaden. I år 2016 er det 26. gongen denne utmerkinga vert delt ut.

Det er næringsutvalet i Luster kommune som avgjer kven som får prisen.

I statuttane for tildelinga står det mellom anna:

«Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking.

Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak og nyetableringar»

I år 2016 går prisen til ei relativ ny bedrift i Luster kommune.

Det er eit føretak som svært mange lustringar har eit forhold til, svært mange har smakt produkta deira.

Årets bedrift 2016 er Lustrabui AS, og eg vil be dagleg leiar Gudny Alme og styreleiar Tordis Alme langvassbråten om å komme fram.

Kvifor har så Lustrabui fått denne utmerkinga:

Lustrabui vart skipa den 26. april 2008. Bakgrunnen for skipinga var at Gudny hadde vore utanlands ei tid og som ho seier; «ho måtte finne på noko å drive med». I same tidsrommet flytte syster til Gudny, Tordis heim att til Luster.

Samvikelagsbygget i Luster sto då tomt og dei fekk tilsagn om å kjøpe dette. Dei to systrene skipa Lustrabui AS og gjekk i gang med ei betydeleg opprusting av bygget.

Gudny hadde over tid vore interessert i Bakeriet på Lom som Morten Schakenda har bygd opp. Det er og eit bakeri basert på vedfyrt steinomn. Gudny fekk høve til å vere på bakeriet i Lom i halvanna månad for å lære seg meir om handverket.

Etter at bygget i Luster var oppgradert og steinomn var murt, opna Lustrabui med brask og bram. YX på Hafslo var fyrste verksemda som fast kjøpte brød frå dei, mange andre har komme etter.

I starten vart det svært mykje jobbing på dei to grunderane, både dag og natt. Etter kvart har det vorte fleire i jobb. Dei har og no ein fast tilsett bakar.

I 2013 opna dei utsal i Sogndal.

No sommaren 2016 vil det vere 12 personar i arbeid hjå Lustrabui.

Omsetningen til selskapet var i 2015 på 5.5 mill kr. Sommarsesongen med turistar er avgjerande for dei økonomisk, men dei har aktivitet heile året.

Det mest populære produktet er kanelsnurr, det spør alle etter. Elles har dei hatt folk som har komme heilt frå Frankrike for å finne Lustrabui. Ein trøndar kom på motorsykkel ein haust for å kjøpe rugbrød som han skulle fryse ned og ha til vinteren.

 

Lustrabui er opptekne av at folk skal ete skikkeleg brød. Lustrabui bakar brød basert på ulike mjøltypar, gjær, vatn og litt salt, ikkje noko kunstige tilsetjingsstoff. Alt utanom eltinga er handarbeid, det er og spesielt at alt er basert på ein vedfyrt steinomn.

 

Oppsummert vil eg seie:

Lustrabui er ei verksemd som produserer gode produkt basert på mykje handarbeid. Verksemda er ein viktig arbeidsplass i Luster kommune og ein positiv miljøfaktor både i lustrabygdi og Sogndal sentrum

Lustrabui vart starta av dyktige folk som har arbeidd mykje, dei har utvikla gode produkt og yter god service. God mat går ikkje av moten.

 

Til lukke med prisen som årets bedrift 2016.