Me søkjer ein person som vil engasjere seg i kristent barn og ungdomsarbeid, primært med fagleg bakrunn innan kristendomskunnskap og pedagogikk. Søkjarar med eller utan utdanning innan dette feltet vil bli vurdert på lik linje,  personlege eigenskapar blir det lagt stor vekt på.

Arbeidsoppgåver:

  • Leiar av Trusopplæringa

  • Konfirmant og ungdomsarbeid i samarbeid med prestane

  • Deltaking i trusopplæringa etter vedteken plan

  • Lage ein aktivitetsplan

  • Noko kveld og helg arbeid

  • Generelt arbeid ved kontoret/kontorfelleskapet i kvardagen

Personlige eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons og formidlingsevner i møte med barn og ungdom

  • Evne til å inspirer og motivere medarbeidarar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og i samarbeid med stab og frivillige

  • Ikkje redd for å ta eit ekstra tak i hektiske periodar

Me tilbyr:

  • Lønn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor

  • Sjølvstendig, utfordrande og meiningsfulle oppgåver

  • Godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Gode forsikrings og pensjonsordningar

Søkaren må være medlem av den norske kyrkja. Må leggast fram politiattest. Må disponere eigen bil i tenesta, bruk blir dekka etter kommunale takstar. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Oppstart ca 02.01.2018

Spørsmål om stilling rettast til Kyrkjeverje Morten Rørstadbotten telf. 57685647/94054671

Søknad sendes på mail eller i post. Merkast søknad trusopplæring.

Mail: post@kyrkja.luster.no eller Luster Kyrkjeleg Fellesråd. Rådhusvegen 5. 6868 Gaupne.

Søknadsfrist: 19 august 2017