Etter innspel frå rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har Luster kommune sendt fylgjande uttale i saka:

"Luster kommune meiner at retten til hjelpemiddel fortsatt skal liggje i folketrygda med eit statleg finansieringsansvar og eit nasjonalt formidlingssystem for fagleg rådgiving og utlån av hjelpemiddel. Dette vil sikre menneske med nedsett funksjonsevne sin tilgang til naudsynte hjelpemiddel på alle livsområde slik at grunnleggjande menneskerettar blir ivaretekne.

Retten til hjelpemiddel må ikkje vere avhengig av geografisk buplass og kommuneøkonomi. Staten bør forbetre hjelpemiddelformidlinga ved å styrke kommunane sitt ergoterapitilbod og rehabilitering, utvikle betre IKT-løysingar og gjere systemet enklare.

At innbyggjarane, gjennom folketrygda, er sikra hjelpemiddel som kompenserer for funksjonsnedsetjing vil ha verknad for eit levande lokaldemokrati der alle kan delta."

 

Regjeringa si nettside med rapport og innkomne høyringssvar.