Den 26.9 var det klårt at Luster kommune får 2.0 mill kr til utbygging av breiband frå staten, dvs Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. I Luster er det prosjektet Jostedalen Nord som er prioritert for utbygging, ei prioritering formannskapet har gjort. Tidlegare har det vore gjeve statleg løyving på 2.5 mill kr til utbygging av breiband på Skjolden og 1.6 millionar til breiband i Lustrabygda med omkringliggjande grender.

Utbygginga av prosjektet Jostedal Nord vil bli lyst ut på anbud for praktisk utføring sommaren 2017.

Sogn og Fjordane fekk totalt vel 30 mill kr og var det fylket som fekk mest av den statlege potten, Sør-Trøndelag med kr 18.8 mill kr var nest beste fylke.

Desse områda i Sogn  og Fjordane  får støtte:

Kommune

Prosjekt

Støttemidlar Staten)

 Askvoll

 Atløy

   1 000 000

 Aurland

 Flåmsdalen

      600 000

 Balestrand

 Lånefjorden

      270 000

 Flora

 Øyapakke 1

   1 380 000

 Flora

 Øyapakke 2

   2 175 000

 Førde

 Haukedalen

   2 000 000

 Eid

 Vest for Nordfjordeid

      900 000

 Gaular

 Sande - Viksdalen

   1 600 000

 Gloppen

 Byrkjelo Sør og Hope

   1 379 000

 Gulen

 Dingja og Norgulfjorden

      600 000

 Hyllestad

 Hyllestad

   3 180 000

 Jølster

 Eikås

      700 000

 Lærdal

 Erdal

      450 000

 Luster

 Jostedalen Nord

   2 000 000

 Naustdal

 Midtredalen

   1 800 000

 Selje

 Lesto-Salt og  Årvika-Honningsvågen

   2 200 000

 Solund

 Nord Solund

      600 000

 Sogndal

 Fjærland

  2 200 000

 Stryn

 Markane - Rand

  3 765 000

 Vik

 Arnafjord

  1 000 000

 Årdal

 Øvre Seimsdalen og Fardalen

     450 000

   

30 249 000 totalt