Tilbodet vart lansert i fjor med moglegheit til å fiske i 54 vatn og elvar. I løpet av året har tilbodet no auka til ca. 85 vatn og elvar. På kortet er no også Fjøsne sameige, Ofsarvatnet fiskelag, Leirdalen grunneigarlag, Sørheim grunneigarlag, Kroken, Ornes og Kinsedalen grunneigarlag komne med. Her er det mogleg å kjøpa fylgjande fiskekort, dagskort: 80 kr, 3-dagar: 150 kr og sesong: 400 kr

Reglar:

Fiskekortet gjeld for fiske med stang, handsnøre og oter, frå land og frå båt. Garnfiske er tillate i nokre vatn (sjå www.inatur.no). Det er ope for fiske i heile sesongen.

Me ynskjer at fleire andre i Luster kommune melder seg inn i dette prosjektet etter kvart, slik at største del av kommunen er med i fiskekortet. Det er mogleg for nye interessentar å melda seg inn i prosjektet etter inneverande sesong.