Omsorgstenesta i Luster kommune er organisert med fem tenesteeiningar. Ei av desse einingane er Luster omsorgssenter som har eit tenestetilbod med i hovudsak 30 langtidsplassar, 18 omsorgsbustadar og tenester til heimebuande. Leiar av Luster omsorgssenter er einingsleiar med fag-, personal-, turnus- og økonomiansvar.

 

Me søkjer etter ein motivert leiar som: 

  • står fram som ein tydeleg, systematisk og engasjert leiar
  • delegerer oppgåver og brukar medarbeidarane sin gode kompetanse
  • gjennomfører utviklingsarbeid i samspel med medarbeidarane, brukarar og pårørande
  • sikrar god dagleg drift og at tenestetilbodet stetter formelle og faglege krav
  • sikrar god og føremålstenleg bruk av ressursar innafor tildelte rammer

Les meir om stillingen og søk her