I Luster kommune har me desse skulane: Hafslo barne- og ungdomsskule, Gaupne skule, Luster ungdomsskule, Solvorn oppvekstsenter, Indre Hafslo oppvekstsenter, Jostedal oppvekstsenter, Luster oppvekstsenter, Skjolden oppvekstsenter og Veitastrond skule.

Skulane i Luster er aktive når det gjeld utviklingsarbeid og kompetanseutvikling. Dei to ungdomsskulane har nyss avslutta Ungdomssteg i utvikling der fagsatsinga var skriving på tvers av fag. Luster kommune deltek i den nasjonale språkkommunesatsinga som einaste kommune i Sogn. I 2018 og 2019 deltek alle lustraskulane i prosjektet "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" saman med dei andre skulane i regionen. Oppvekstsentra deltek elles i eit Erasmusprosjekt om overgang barnehage-skule og god begynnaropplæring. Lustraskulen har lang erfaring med lokalt og regionalt nettverksarbeid, og det er kommunale nettverk både innafor fag, læringsmiljø, IKT og tilpassa opplæring. Dei siste åra har det vore ei satsing på IKT og innføring av fleire nye verktøy, t.d. Office 365 og Visma Flyt Skule.

Me har eige program for nytilsette. Alle nytilsett får eigen mentor/rettleiar på den einskilde skule og i tillegg er med på eigen samlingar med aktuelle tema tilpassa nyutdanna lærarar.

Kvalifikasjonskrav

Du må ha utdanning som stettar kravet i opplæringslova § 14 for å bli tilsett i undervisningsstilling. Opplæringslova gjev likevel opning for at dersom me ikkje får kvalifiserte søkjarar etteropplæringslova, kan me tilsetje personar utan godkjend utdanning i vikariat/mellombelse stillingar.

Det vil truleg vera trong for søkjarar som har grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn så vel som grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn. Undervisningskompetanse i basisfaga norsk, engelsk og matematikk er ønskeleg. Generellt ynskjer me oss fleire mannlege kollegaer. Ved nokre av skulane våre er det få eller ingen menn, så me oppfordrar menn til å søkje.

Me kan tilby

- Kollegaer med mykje erfaring og som er dyktige og engasjerte og godt arbeidsmiljø.

- Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver.

- Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar. I tillegg til vanleg grunnløn, får undervisningspersonal

som innehar funksjonar som t.d. fagansvarleg, teamleiar, kontaktlærar, m.m. tilleggsløn i form av funksjonstillegg.

- Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Andre opplysningar

- Dersom du har personar som kan vere referansepersonar for deg, spesielt i høve til tidlegare/noverande tilsetjingtilhøve, ber vi om at du skriv namn, tittel og tlf.nr i søknaden.

- Ved behov vil me invitere søkjarar til intervju.

- Du som vert tilsett, må du leggje fram politiattest av nyare dato jf. opplæringslova § 10-9 før du tek til i arbeid hjå oss.

Søknad

Når du skal søkje må du bruke elektronisk søknadsskjema. Lenkje til elektronisk søknadsskjema.

Du treng ikkje sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis, m.m. når du søkjer på stillinga. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. Du vil få kvittering via e-post på at søknaden din er motteken, gitt at du har skrive inn e-postadressen din korrekt i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden din ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Søknadsfrist 04.04.2018

Kontaktperson

Knut Åge Teigen, kommunalsjef oppvekst, tlf: 57 68 55 22, mobil: 951 47 914, knut.age.teigen@luster.kommune.no