I Luster kommune har me desse barnehagane: Gaupne barnehage, Hafslo barnehage, Luster barnehage, Gamlestova barnehage, Jostedal barnehage, Veitastrond barnehage, Solvorn barnehage, Skjolden barnehage og Indre Hafslo barnehage.

Barnehagane i Luster er aktive når det gjeld utviklingsarbeid og kompetanseutvikling. Luster kommune deltek i den nasjonale språkkommunesatsinga som einaste kommune i Sogn. I 2018 og 2019 deltek alle lustrabarnehagane i prosjektet "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" saman med dei andre barnehagane i regionen. Lustrabarnehagane er med i lokale og regionale nettverksarbeid.

Kvalifikasjonskrav
Utdanning som fagarbeidar i barne- og ungdomsfaget.

Menn vert oppfordra til å søkje.

Me kan tilby

- Kollegaer med mykje erfaring og som er dyktige og engasjerte og godt arbeidsmiljø.
- Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver.
- Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Anna opplysningar

- Dersom du har personar som kan vere referansepersonar for deg, spesielt i høve til tidlegare/noverande tilsetjingtilhøve, ber vi om at du skriv namn, tittel og tlf.nr i søknaden.
- Ved behov vil me invitere søkjarar til intervju.
- Du som vert tilsett må leggje fram politiattest av nyare dato jf. barnehagelova § 19.

Søknad

Når du skal søkje må du bruke elektronisk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa på vår heimeside: www.luster.kommune.no- ledige stillingar.

Du treng ikkje sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis, m.m. når du søkjer på stillinga. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. Du vil få kvittering via e-post på at søknaden din er motteken, gitt at du har skrive inn e-postadressen din korrekt i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknadendin ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Søknadsfrist 08.04.2018

Kontaktperson
Gunvor Kjos-Wenjum, rådgjevar, tlf: 57 68 55 76, mobil: 900 21 172, gunvor.kjos-wenjum@luster.kommune.no