BPA er ei alternativ organisering av praktisk og personleg assistanse til menneske med funksjonshemming, der den funksjonshemma sjølv er arbeidsleiar for sine eigne assistentar.

Kvinna har celebral parese og brukar rullestol i kvardagen. Ho har eigen tilpassa bil. Kvinna har interesse for bøker, film, musikk, vintersport, skriving, kultur og sosiale aktivitetar saman med andre. Ho er utdanna fagomsetjar i norsk/engelsk, og etablerte hausten 2017 seg som sjølvstendig næringsdrivande, med eiga bedrift integrert i kontorfellesskap i Jostedal Industrier.
I arbeidstida er kvinna tildelt funksjonsassistent frå NAV. Tenesteytinga vert organisert med at tilsette utgjer båe rollane som personleg assistent og funksjonsassistent.

Arbeidsstad:
Gjerde, Jostedal

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere, men i hovudsak vere hjelp med daglege rutinar i forhold til personlege behov, bistand til personleg hygiene/stell, praktiske gjeremål i heimen, følgje til fysioterapi, lege og tannlege. Kvinna vil ha behov for oppfølging på fritidsaktivitetar i og utanfor heimen, og treng bistand og motivasjon til fysisk trening. Dei som vert tilsett må motivere og tilrettelegge for at brukar skal kunne halde fram med å utføre dei oppgåvene brukar meistrar, samt stimulere til innlæring av nye ferdigheiter. Dei tilsette må kunne delta i planlegging av dags- og vekeplanar, og avlaste brukar i ein travel kvardag medplanlegging av ulike gjeremål. I arbeidet inngår å vere følgjeperson på treningsreiser, helgeturar og feriar.

Kvalifikasjonar
Det er ikkje krav til formell utdanning, men søkjar bør ha erfaring frå å arbeide med menneske.
Forstå og respektere brukarstyrt personleg assistanse
Vere pliktoppfyllande, ærleg og påliteleg og kunne abeide sjølvstendig og etter arbeidsliste.
Ha godt humør, sans for humor, vere positiv og serviceinnstilt.
By på seg sjølv, kome med forslag til aktivitetar, og syne respekt for brukar si avgjerd som tenestemottakar og arbeidsleiar.
Vere fleksibel og tilpasse arbeidet til brukar sine behov for teneste.
Vere over 18 år og ha førarkort klasse
Beherske norsk munnleg og skriftleg. Politiattest jf. § 20a i Helsepersonellova, må leggjast fram

Særskild for stillingane
Arbeidstida er etter turnus med langvakter med arbeid 4. kvar helg.
Det er ynskjeleg at du i søknaden skriv litt om deg sjølv og kva stillingsstorleik du kan tenkje deg. Kopi av godkjente attestar og
vitnemål kan du ta med til ev. intervju.

Tilsette får
Lønn etter kommunen sitt gjeldende avtale- og regelverk.
Felles opplæring i BPA saman med kollegaer.

Søknad
Søknadsskjema som ligg til stillingsannonsa finn du her: www.luster.kommune.no - ledige stillingar. For spørsmål om stillinga kan du kontakte kontaktpersonen. Dersom du har behov for hjelp til å søke kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Søknadsfrist 29.04.2018

Kontaktperson

Kari Olseng Paulsen, Laiar omsorgstenesta, tlf: 57 68 57 02, mobil: 416 89 136, kari.paulsen@luster.kommune.no

Aud Jorunn Høyheim, konsulent for funksjonshemma, tlf: 57 68 57 15, mobil: 416 35 549, aud.jorunn.hoyheim@luster.kommune.no