I serien Gards- og ættesoge for Luster er band nr. 11 - Solvorn 1 – no klar for sal. Boka er på 771 sider og omhandlar gardane Kjelda, Øvrebø, Bjørnetun, Grov, Brekken, Elvetun, Sjøtun, Christianeslyst, Solvorn med Solvornstrondi, Valaker og Gjestgjevargarden Valaker lille.

Lokalhistorisk litteratur er populært og sel som aldri før. I Luster sine lokalhistoriske årbøker nr. 1-7 finn du mellom anna historia til industrianlegget i Kinserdal, om Harastølen – Luster Sanatorium, historia om «Krokaskulen», pionérskulen for jenter som starta i Holmedal og som vart til Luster vidaregåande skule, og sist men ikkje minst om middelalderætter i indre Sogn. DVD-en om skimisjonæren Henrik Angell kan du òg tinga herifrå.

Her finn du fullstendig oversyn over publikasjonar og tingingskupong med prisar

Bygdebøkene og Skulesoge for Luster vert sende i postoppkrav om dei ikkje kan hentast på rådhuset. Har du spørsmål, kan du venda deg til:

Servicetorget i Luster rådhus, tlf. 57 68 55 00, eller kontakt Erling Bjørnetun, tlf. 57 68 55 21.

E-post: postmottak@luster.kommune.no

Bygdebøker 1-11