Ungdommen sitt kommunestyre i Luster (UK) gjer årleg vedtak om kulturutveksling med venskapskommunen til Luster i USA som er Vernon Co., WI. og byen Viroqua som senter i denne kommunen.
Dei som får vera med får bu i ein amerikansk familie med ungdom på same alder, og gjennomfører eit prosjektarbeid der borte på den tida som vert valt – ca 14 dagar. Tema for dei einskilde prosjekta er slik forma at dei skal kunna presenterast for ulike målgruppe her i Luster etterpå.

Tilsvarande for amerikanske ungdomar som kjem til Luster. Her er det naturleg at familien til den som fekk delta i USA vert vertsfamilie, og at det nye familiemedlemet vert teken vare på som ein av ”alle” i vedk. familie. Kostnadene (reise og lommepengar) vert delvis dekka gjennom eit tilskot frå UK på ca kr 5.000.
Reisekostnadene er ca kr 12.000 avhengig av flyprisar.


Her kan du laste ned søknadsskjemaet: Kulturutveksling - søknadsskjema