Korttidsavdelinga 2016.JPGBilete: (f.v) Sjukepleiar Ole Petter Veum, lege Anne Kjer Schmidt og  og sjukepleiar Charlotte Haugen.

Korttidsopphald i omsorgssenter vert gjeve som:

Utredning / behandling
Dette er ei teneste som vert ytt til personar som har funksjonstap, og der ein treng å kartlegge personen sitt funksjonsnivå for å vurdere evt behov for kommunale tenester. Tenesta kan og bli gitt som vidarebehandling etter sjukehusopphald.

Rehabilitering
Dette er ei teneste som vert ytt for å kunne vinne tilbake eller vedlikehalde fysiske, psykiske eller sosiale funksjoner, og/eller utvikle, oppnå nye ferdigheitar eller andre/ nye strategiar for meistring. Tenesta vert ofte tilbydd i etterkant av sjukehusinnlegging.

Øyeblikkeleg -  hjelp opphald
Gjeld døgnopphald for pasientar og brukarar som har behov for akutt-/straks hjelp, der kommunen sjølv har høve til å gje behandling, observere og yte omsorg til den det gjeld. Vederlagsfri teneste.

Avlasting
Avlastning er eit tilbod til personar med store omsorgsoppgåver. Avlastning vert tildelt på grunnlag av individuell vurdering. Avlastningstiltak skal hindre overbelastning, gi omsorgsytar nødvendig fritid og ferie og muligheit til å delta i vanlege samfunnsaktivitetar. Vederlagsfri teneste

Dag / nattopphald
Dag eller nattopphald i institusjon er ei teneste til heimebuande, oftast eldre personar som har eit omfattande hjelpebehov som ikkje kan oppfyllast i eigen heim.

Søk korttidsopphald 

Har du spørsmål om tenesta, kontakt tenestekontoret tlf. 57 68 57 16 eller leiar for Gaupne omsorgssenter, Tone Kjærvik Kveane tlf. 57 68 57 13.


Som pasient i korttidsplass kan du også ha andre omsorgstenester:
Hjelpemiddel
Individuell plan