For å unngå spreiing bør ein bli heime ved nyoppståtte luftvegssymptom, sjå oppmodingar hjå FHI.

Det er framleis mogleg å henta koronatestar til sjølvtesting på legekontoret innanfor vanleg opningstid.

Der er ikkje noko generell oppmoding om å la seg testa ved mild sjukdom. Gratis sjølvtestar frå kommunen er ikkje berekna til arbeidsgivarar for testing av eigne tilsette, av organisasjonar eller ved arrangement.

Då det ikkje lenger er krav om testing for korona ved inn- og utreise til Noreg er det slutt på kommunal testing til koronasertifikatet frå 1. juli. Dersom du ynskjer å registrera ein test i koronasertifikatet ditt, må du kontakta privat helseaktør og bestilla PCR-test der. Det er ikkje lenger nødvendig å registrera positivt resultat av hurtigtest.

Luster kommune har stengt Koronatelefonen. Treng ein informasjon må ein ta kontakt med legekontoret. Aukar behovet for råd og rettleiing vil det bli vurdert å opna telefonen igjen.

Vaksinasjon mot korona.

Det er no opna for at personar over 80 år kan få tilbod om ein ekstra vaksinedose, altså 4. dose. Det er ikkje ein generell anbefaling om denne. Den enkelte innbyggjar må sjølv vurdere og velgje dette. Vi vaksinerer kvar andre veke og dei som ønsker slik 4. dose kan bestille dette via legekontoret. Vaksinasjon skjer på helsestasjonen. I sommar vert det vaksinering 06.07 og 03.08.

Det må gå minst 12 veker mellom dose 3 og 4. Dei som har hatt 3 vaksinedosar og så har vorte smitte, treng ikkje dose 4.

Personar med alvorleg svekka immunforsvar er anbefalt grunnvaksinasjon med 3 dosar koronavaksine, samt ein oppfriskingsdose 12 veker etter dose 3. Dei som treng slik oppfriskingsdose må melde frå om dette.