Luster kommune har for tida ingen smitta, i isolasjon eller karantene som nærkontakt. 1 lustring som oppheld seg i anna kommune er smitta. Me har 11 personar som er i innreisekarantene frå utlandet.

Luster kommune vaksinerte 30 personar i veke 1. Me får 18 dosar 13/1 og 20/1. Me skal vaksinere 12 personar på Gaupne omsorgssenter 13/1, og 12 personar på Hafslo omsorgssenter 20/1. Resten av dosane går til prioritert helsepersonell. Det er ikkje klart kor mange vaksinar me får i veke 4.