Varsel om oppstart av planarbeid

Luster formannskap / kommuneplannemnda har i møte 28.08.2013 i sak 13/102 gjort dette vedtaket:

«I medhald av reglane i §11-12 i Plan og bygningslova kunngjer Luster kommune oppstart av arbeidet med Kommuneplanen sin arealdel.»
 

Arealdelen planprogram 2018-29
 

Planprogram – offentleg ettersyn og innspel til ny arealbruk

Luster formannskap / kommuneplannemnda har i møte 28.08.2013 i sak 13/102 gjort dette vedtaket:

«I medhald av reglane i § 11-13 i Plan- og bygningslova, vert framlegg til planprogram for Kommuneplanen sin arealdel, lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring til overordna planfaglege myndigheiter.»

 

Føremål med kommuneplanen sin arealdel (KPA)

Føremålet med KPA er å sikre ein langsiktig og berekraftig arealbruk som legg til rette for ynskt vekst og utvikling i Luster kommune. KPA skal vera Luster kommune sitt overordna styringsdokument for korleis ein ynskjer arealutviklinga i kommunen skal vera, og ein reiskap for korleis ein skal møta nye og endra utfordringar i eit langsiktig perspektiv.

 

Planprogram

Planprogrammet gjer greie for m.a. føremål og framdrift for planarbeidet. Kommunestyret skal i handsaminga av planprogrammet også ta stilling til kva område som skal konsekvensutgreiast og fremjast i sjølve planframlegget.

 

Innspel til ny arealbruk:

Innspel til ny arealbruk skal fremjast i denne fasen. Det er utarbeidd eige skjema som skal nyttast for innspel.

Bygdemøte om planarbeidet vert kunngjort på eit seinare tidspunkt.

 

Framdrift

Framdrifta er lagt opp med sikte på å få arealdelen vedteken før sumaren 2018.

Dersom det vert mange tiltak eller tiltak som krev omfattande konsekvensutgreiingar kan dette føra til ei forlenging av planprosessen.

 

Frist:

Innspel til ny arealbruk og merknader til planprogrammet vert å senda Luster kommune, 6868 GAUPNE eller postmottak@luster.kommune.no innan 6.11.2017.
 

Spørsmål kan rettast til:
Kommuneplanleggar Torunn Løne Vinje, e-post: torunn.lone.vinje@luster.kommune.no - tlf 57 68 55 93 eller

plansjef Arne I. Lerum, e-post arne.ingjald.lerum@luster.kommune.no, tlf 57 68 55 07