Luster formannskap / kommuneplannemnda har i møte 13.09.2017 i sak 17/81 gjort dette vedtaket:

«I medhald av reglane i § 11-14   jf § 11-4, i plan- og bygningslova, vert framlegg til revidert samfunnsdel lagt ut til offentleg ettersyn og oversendt overordna planfaglege mynde for fråsegn.»

 

Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vera kommunen sitt overordna styringsdokument. Føremålet med planen er å få fram tydelege politiske prioriteringar for utviklinga i kommunen Planen inneheld m.a. mål for kva kommunen ynskjer å oppnå og kva tiltak som skal setjast i verk for å nå desse måla. Planen vil m.a. vera førande ved utforming av økonomiplan, årsbudsjett. Planen skal rullerast kvart 4. år.
 

Plandokument

Planframlegget er også lagt ut på servicetorget på rådhuset og på biblioteket på Pyramiden, i tillegg på:

Matkroken – Veitastrond, Thor Bakkens Ettf – Jostedal, Solvornbui, Spar Hafslo, Joker Luster, COOP-Marked – Skjolden, COOP Marked – Fortun

Bygdemøte om planarbeidet vert kunngjort på eit seinare tidspunkt.

 

Kommuneplanleggjar Torunn Løne Vinje, epost torunn.lone.vinje@luster.kommune.no tlf 57 68 55 93 eller

plansjef Arne I. Lerum, e-post arne.i.lerum@luster.kommune.no.

 

Me ber om at eventuelle merknader blir sende til;

postmottak@luster.kommune.no eller Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868  GAUPNE, innan  30.10.2017