I samsvar med vedtak i Luster kommunestyre skal det årleg innhentast søknader om faste leigeavtalar av offentlege bygningar som skular og samfunnshus (heile året) og for idrettshallen.

Søknad om faste leigeavtalar skal sendast på fastsett søknadsskjema. Leige av kommunale bygg søknadsskjema pdf

  • Faste leigeavtalar i idrettshallen og gymsalen v/ungdomsskulen etter skuletid vert handsama av brukarstyret, Luster idrettsråd.
  • Søkaren skal spesifisere rombehov og prioritert tidspunkt. Søknader frå lag med fleire grupper skal samordnast og prioriterast av laget sitt styre.

Søknad skal sendast til Luster kommune, Rådhuset, 6868 Gaupne.

For leige av lokale til enkeltarrangement, sjå kontaktinformasjon her

Lag og organisasjonar i kommunen får nytte bygningane vederlagsfritt - også til inntektsbringande arrangement - så langt bruken ikkje påfører kommunen ekstra utgifter til reinhald og tilsyn. Eventuelle ekstrautgifter må klarleggjast på førehand, og vert å betale av leigar.