Årets bedrift 2017.JPGGrunngjevinga:

Jostedalen Breførarlag vart skipa i 1987 og har dermed 30 årsjubileum. Dei fire som eig verksemda Steinar Bruheim, Thore Stensberg, Heidi Zimmermann og Arve Tvedt hadde då i nokre år delteke på føring på Nigardsbreen. Dei såg at det var behov for å profesjonalisere denne aktiviteten, og dei såg at var etterspurnad etter ulike typar turar med meir utstyr.

Alt i 1989 kjøpte Jostedalen Breførarlag Krundalen skule av Luster kommune. Skulen hadde vore leirskule, og høvde godt for deira satsing på kursaktivitetar. Bretun er namnet i dag, der er det kurssenter og kontor for selskapet.

Føringa på Nigardsbreen har heile tida vore sentralt i verksemda, Nigardsbreen er kassaapparatet. Her er vert det tilbydd fleire typar turar; familieturar for barn heilt ned til seks år, og meir avanserte blåisturar. Breførarlaget har også tilbod om både brekurs og klatrekurs, og kvar vår er det fleire helgar med tilbod om turen Josten på langs.

Dei siste 20 åra har det og vore eit samarbeid med Fondsbu om føring til 2000 meter toppar i Jotunheimen.

Jostedalen Breførarlag har og vore sentrale i å byggje opp Norsk Fjellsportforum. Dette er ein nasjonal organisasjon som arbeider med utdanning og sertifisering av førarar og instruktørar innan fjell- og bresport. Både eigarane og fleire av dei tilsette i Breførarlaget er og Tindevegleiarar som er den høgste internasjonale tittel for fjellføring.

Jostedalen breførarlag har i toppsesongen over 30 tilsette. Dei ynskjer så mange lokale førarar som råd, men på lønningslista står folk frå heile verda. Dei siste åra har det vore aukande tal førarar frå Nepal, flinke folk med erfaring frå mellom anna Mount Everest.

I desse 30 åra har Jostedalen breførarlag teke med over 250.000 turistar på tur på Nigardsbreen. Sikkerheit er vesentleg, det har ikkje vore alvorlege skadar på turane. I 2016 var det godt over 14000 deltakarar på tur. Tyskland og Nederland har tradisjonelt vore viktigaste marknadene, men dei seinare åra har Spania, Kina og India auka markant.

Jostedalen Breførarlag er ei verksemd som betyr mykje for reiselivet i heile Sognefjorden og Noreg. Nigardsbreen er den lettaste tilgjengelege breen for blåisvandring. Deltakarane på turar bur på hotell og campingplassar i heile Sogn.

Verksemda er økonomisk solid, omsetninga i 2016 var på 6.3 millionar. Det gjer dei til ei av dei større natur-aktivitetsverksemdene i landet.

Jostedalen Breførarlag er ei viktig verksemd for brebygda Jostedalen. Fleire som har komme som førarar på Nigardsbreen, har vorte verande og busett seg fast i Jostedalen. Breførarlaget har og vore med og skapt interesse hjå lokalbefolkninga for friluftsliv. Jostedalen har mykje av aktiviteten sin i verna område. Dei opplever samarbeidet med verneforvaltninga som godt og konstruktivt.

Det har dei siste dagane vore gjort eit arbeid for å finne ut om det er nokon i verda som har gått meir med stegjern på blåis enn Steinar Bruheim. Det er ein breførar på New Zealand som er i same divisjonen, men han gav seg for eit par år sidan. Steinar er derfor nr 1 i verda.

Til lukke med prisen Mr Nigardsbreen.