I tillegg har Statkraft hausten 2016 gjennomført ei omfattande risikoanalyse av besøksverksemda i kraftstasjonen. Viktige moment i denne analysen er:

  • kraftstasjonen har ein svært lang tilløpstunnel (omlag 1200 meter)
  • konsekvensar ved ulukker/skader inne i kraftstasjonen er betydelege
  • lang og vanskeleg evakuering ut i dagen, der det òg er sterk stigning
  • eventuelle konfliktar i høve til pågåande arbeid i kraftstasjonen
  • faremoment ved transport av tyngre materiell og utstyr

Etter ei totalvurdering har Statkraft avgjort at besøksverksemda for turistar og andre besøkande i Jostedal kraftstasjon ikkje blir vidareført.