Arbeidsoppgåver
Yte pleie og omsorgstenester til pasientane, inkludert øyeblikkeleg hjelp og rehabiliteringstenester.
Sjukepleiefaglege ansvars- og arbeidsoppgåver.
Avdelinga har 8 sengeplassar, inkludert to KAD plassar.

Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant etter-/vidareutdanning.
Relevant praksis.
Evne til å arbeide aktivt, systematisk, målretta og løysingsorientert - saman med andre.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.

Særskild for stillinga
Dei som søkjer må vere fleksible og motiverte i høve til å:
Gjennomføre naudsynt kompetanseutvikling, under dette hospitering:
Bidra til kompetansedeling.
Arbeide fleksibelt og behovsbasert mot/i andre avdelingar og team i pleie og omsorg

Stillinga har tredelt turnus.

Søknad
Lenkje til elektronisk søknadsskjema finn du her.

For spørsmål om stillinga kan du kontakte kontaktpersonen. Dersom du har behov for hjelp til å søke kan du ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 68 55 00.

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Opplysningar om søkjarane kan likevel bli offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du kan trekkje søknaden din.

Søknadsfrist 25.09.2018

Kontaktperson

Tone Kjærvik Kveane, Leiar Gaupne omsorgssenter, tlf: 57 68 57 13, mobil: 918 07 550, tone.kjervik.kveane@luster.kommune.no