Korleis få installert vassmålar?

Ta kontakt med eit røyrleggjarfirma og bestill vassmålar/be om installasjon av vassmålar. Abonnenten må sjølv ta kostnaden med innkjøp og installasjon av vassmålar. Installasjon og bruk av vassmålaren skal vere i samsvar med «Reglar for bruk av vassmålar».

Røyrleggjar fyller ut skjema etter installasjon av vassmålar, og sender dette til kommunen for å få registrert målaren.

Alle næringseigedomar og offentlege verksemder skal installere vassmålar.


Avlesing av vassmålar

Vassforbruket skal minimum avlesast ved kvart årsskifte. Målarstanden skal rapporterast til kommunen, anten digitalt på heimesida til kommunen eller ved å sende inn skjema for vassmålaravlesing pr post.