I dag er det tilbod om Inn på tunet for to ulike tenesteområde i Luster kommune: Skule og psykisk helse.

Når det gjeld skule, er tilbodet særleg retta mot elevar med individuell opplæringsplan og som treng ein supplerande læringsarena til skule og klasserom. Tilbodet er ei samhandling mellom PP-tenesta, skule, heim og elev. 

Pr. i dag er det 7-8 Inn på tunet-bedrifter i Luster, med tilbod til ulike grupper brukarar.

Dersom du tenkjer på å starta opp med Inn på tunet tilbod, kan du ta kontakt med landbruk og naturforvalting for meir informasjon om vegen vidare.

Inn på tunet

IPT-kontakt