Morsom geit.jpgInn på tunet (IPT) er tilrettelagde og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi meistring, utvikling og trivsel. Aktiviteten i tenestetilbodet er knytt opp til garden, livet og arbeidet der.

I dag er det tilbod om Inn på tunet for to ulike tenesteområde i Luster kommune: Skule og psykisk helse.

Når det gjeld skule, er tilbodet særleg retta mot elevar med individuell opplæringsplan og som treng ein supplerande læringsarena til skule og klasserom. Tilbodet er ei samhandling mellom PP-tenesta, skule, heim og elev. 

Pr. i dag er det 7-8 Inn på tunet bedrifter i Luster, med tilbod til ulike grupper brukarar. Dersom du tenkjer på å starta opp med Inn på tunet tilbod, kan du ta kontakt med landbruksrådgjevar Marianne Bugge, tlf. 57 68 55 95 for meir informasjon om vegen vidare.

Inn på tunet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har eigen IPT kontakt

IPT-tilbydarnettverket i Sogn og Fjordane