korona5_60x60

Siste oppdateringar

13. november

Sterk oppmoding til innbyggjarar og besøkande.
Oppdatert artikkel på sida til omsorgssentra.

10. november
Luster kommune fekk kvelden 9/11 melding om ein ny positiv koronaprøve.
Personen var i innreisekarantene frå før og er no i isolasjon. Ingen kontakt med andre lustringar. Smittesporing avklart.

5. november
Nye nasjonale smitteverntiltak

4. november
Nye regler for arbeidstakere og arbeidsgivere om permitteringer, dagpenger, sykt-barn-dager, sykefravær og egenmeldinger

korona5_60x60

Raskare koronasvar via Helsenorge.no og kjernejournal

Sjå svaret på koronatesten din på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og besvart.
Kommuneoverlegen melder at helsetenesta sender sms til dei som ikkje har bank-id for pålogging i helsenorge.no. Kommuneoverlegen ringer alle som har fått påvist positiv prøve.

Informasjon frå Folkehelseinstituttet om tenesta.

 

korona5_60x60

Rådhuset

Me held Rådhuset ope, også for publikum, men publikum vert oppmoda om å nytta telefon og e-post i kommunikasjonen.
Tlf. 57685500, postmottak@luster.kommune.no
Alle besøk skal helst vere avtalte på førehand.

Du kan sende spørsmål til e-postadresse korona@luster.kommune.no

korona5_60x60

Omsorgssentra

Dei siste vekene og dagane har det vore mange Covid -19 smitteutbrot i dei store byane; Bergen, Oslo og Drammen. I tillegg er det fleire plassar elles i landet som blir definert som raude grunna mange smittetilfelle. Vi  ønskjer å beskytta pasientane/brukarane på omsorgssentra, omsorgsbustadane og omsorgsplassane for smitte, samstundes som det er viktig for alle å få besøk og ha kontakt med sine næraste. Vi oppfordrar alle besøkjande om å hjelpa til for å hindra smitteutbrot.

Desse reglane gjeld no:

  • Alle som  dei siste 10 dagane har vore i Bergen, Oslo eller på stader som er definert som raude må nytta munnbind eller utsetta besøket 
  • Du må vere frisk
  • Det skal haldast minst 1m avstand til brukaren
  • Hugs god handhygiene med spritdesinfeksjon før og etter besøk
  • Hugs kun to besøkjande til kvar brukar samstundes
  • Alle besøkjande må ringa for å avtala besøk på tlf.nr. under
  • Alle besøkjande må vera registrert med namn og telefonnummer
  • Besøkjande må opphalda seg på rommet til pasienten, ikkje i fellesareal eller stover

Omsorgstenesta i Luster 11.11.2020 

Omsorgssenter Gruppe/avdeling Telefonnummer
Luster omsorgssenter Gruppe 1, 2, 3, 4 57682534 / 57682522
  Heimetenesta/eldresenteret 57682513
Gaupne omsorgssenter Gruppe 1 og eldresenter 57685703
  Gruppe 2 og 3 57685710 / 57685717
  Korttidsavdelinga (KA) 57685711 / 57685718
Hafslo omsorgssenter Blå og rosa gruppe 57685815 / 57685816
  Eldresenter 57685812
Grandmo   95047340
flagg komprimert

Information and videos in different languages

Last updated April 21.

Keep updated - many languages
Coronavirus disease - advice and information. Norwegian institute of public health

Engelsk/English engelsk.png

Video

Information to parents of school children

Information to parents of kindergarten children

The new coronavirus (COVID-19)

What is a safe distance from other people?

To everyone who has been told to stay at home

Corona contagion – information for parents

Habits which help prevent infection

Sansk/Spanish/Español spansk.png

El nuevo coronavirus (Covid-19)

¿Mantener poca, mucha o absoluta distancia?

A las personas a quienes se ha indicado que deben permanecer en su domicilio

Hábitos para prevenir el contagio

Polsk/Polish/Polski polsk.png

Informacje dla rodziców mających dzieci w szkole

Informacje dla rodziców mających dzieci w przedszkolach

Nowy koronawirus (Covid-19)

Mała, duża odległość czy unikanie kontaktu?

Do osób, którym polecono zostać w domu

Zarażenie koronawirusem – informacje dla rodziców

Zapobieganie zarażeniu

Arabisk/Arabic/اللغة العربية arabisk.png

Video

News NRK

معلومات للآباء في المدرسة

معلومات لأول�اء أمور الأطفال � روضة الأطفال

يروس الكورونا المستجد (كوفيد - 19

 مسافة قليلة أو كبيرة أم ابتعاد م؟ ت

إلى كل الأشخاص الذين ُط بقوا في منازلهم

عدوى فریوس کورونا - معلومات لألولياء

العادات ي تمنع العدوى

Svahili/Kiswahili svahili.png

Virusi vipya vya korona (COVID-19) 

Umbali unaofaa kutoka kwa watu wengine ni nini?​

Kwa kila mtu aliyeagizwa kukaa nyumbani 

Kuambukiza kwa corona – habari kwa wazazi

Dari dari.gif

News NRK

(COVID-19) کروناویروس جدید

فاصله ایمن با اشخاص دیگرچه مقدار است؟ 

قابل توجه کسانی که برایشان گفته شده تا در خانه باشند

یم دنک تاداع ھک زا عویش یرامیب یریگولج

Somali somalia.png

Video

News NRK

Warbixin ku socota waalidka iskoollada

Warbixin ku socota waalidka xannaanooyinka carruuraha 

Fayrasta koroonada ah ee cusub (Covid-19)

Ma in yar, ma in badan mise kala durug buuxa?

Ku socota qofka loo sheegay in uu joogo guriga

Sidda looga hortagi karo caabuqa

Kurdisk/Kurdish/Kurmanji/Sorani kurdisk.png

News NRK

Vîrûsa koronaya nû (COVID-19)

Dûrbûna ewleh ji kesên din re çiqas e? 

Agadarî ji kesên ku ji wan re hatiye gotin ku li malê bimînin

تووشبوون بە ک ۆر ۆنا - زانیاری بۆ دایکان و باوکان 

ندرکیرگ%ڕ ھل وتونووبش ک%دنھھ ییامن%ڕ ۆب

Tigrinja tirginja - eritrea.png tirginja - etipoia.png

Video

ሓበሬታ ደቆም ኣብ ቤት ትምህርቲ ንዘለዉ ወለዲ 

እቲ ሓድሽ ኮሮና ቫይረስ (ኮቪድ - 19 Covid-19) 

ቁሩብ፡ብዙሕ ወይስ ጠቕሊልካ ምርሓቕ?

ንነፍስ ወከፍ ካብ ገዛ ከይወጽእ ተንጊርዎ/ዋ ዘሎ ሰብ

ምትሕልላፍ ሕማም ክትቋጻጸረሉ እትኽእል ልምዲ

korona5_60x60

SFO og skule

12.11.20

SFO har vanleg opningstid. Både SFO og skulane forheld seg til nasjonale oppdaterte retningslinjer for smittevern; https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/

Kvar skule vil elles senda ut informasjon til føresette om dei ordningane som gjeld spesifikt for deira barn/skule.

 På skulen vil me vera spesielt opptekne av å:

• vaska hender og læra elevane gode rutinar for handvask
• ha godt reinhald
• vaska utstyr jamleg, til dømes tastatur
• vera ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO
• ha undervising og samlingar i mindre grupper
• halda god avstand til kvarandre
 

Følg dei generelle smittevernsråda

Det er viktig at me alle held fram med å følgja dei generelle råda om smittevernstiltak som gjeld alle: god hand- og hostehygiene, prøva å unngå å ta seg i andletet, avgrensa talet personar ein har kontakt med og får besøk av, til nokre få om om gongen, friske barn kan vera saman både ute og inne, men i små grupper. Smittepresset er lågt både i vår kommune og i vår region, og slik ønskjer me naturlegvis at det også skal halda fram.

Reglar for undervisning av eigne barn

Hovudregelen er at alle barn og unge som oppheld seg i Noreg har rett og plikt til grunnskuleopplæring. 

Regelverket gjer det mogleg for føresette å ta barna ut av skulen og undervise eigne barn heime. Det er foreldra som då har ansvaret for å gje barna opplæring, tilsvarende opplæringa i skulen. Dersom føresette vel heimeundervisning, er det viktig at dei er klar over at barnet ikkje lenger er ein del av den offentlege grunnskuleopplæringa, og at dei blir fråtekne ein del rettar etter opplæringslova. Blant anna har barn ikkje rett til spesialundervisning eller standpunktkarakterer.

Me vil understreka at det beste for barna er å gå på skulen, så lenge dei eller familien ikkje er i ei risikogruppe for å få alvorleg sjukdom av koronaviruset. For barn som ikkje er i risikogruppa, er det trygt å gå på skulen.

Dersom foreldra likevel vel å halda barna heime, kan de ikkje forventa at skulen lagar eigne opplegg for elevane. Føresette som vel ikkje å senda barna på skulen, må sjølv oppfylla opplæringsplikta.

Lenke til informasjonsskriv

Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (engelsk)
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (arabisk)
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (polsk)
Informasjon om skuleskyss – Vestland fylkeskommune opning 1.-4 trinn
Informasjon om skuleskyss - Vestland fylkeskommune opning 5.-10. trinn
Gjeld skuleskyssen frå 2. juni – Vestland fylkeskommuneRettleiar om smittevern barneskule - Utdanningsdirektoratet
Nasjonal koronarettleiar for skulane

korona5_60x60

Barnehagane

12.11.20

Barn som har måtte vere heime på grunn av langvarig sjukdom eller fordi dei har vore i risikosona kan søkje om fritak for foreldrebetalinga jf. vedtekter for barnehagane i Luster
§ 14 Fritak for betaling
Barn som lir av ein alvorleg sjukdom som gjer at barnet ikkje kan nytta plassen i barnehagen, kan innvilgast fritak for betaling i den perioden barnet er borte frå barnehagen. Det må liggja føre ein legeattest. Søknader for kortare periode enn ein månad vert ikkje handsama. Søknadar vert handsama av Oppvekst.

Det er trygt for barn å koma i barnehagen
Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har i samarbeid utarbeidd ei rettleiing for opning av barnehagane i Noreg. Den nasjonale rettleiinga er tydeleg på korleis barnehagane kan førebyggja smitte.

I barnehagen vil me vera særskild opptekne av å:

  • vaska hender og og følgja opp barna slik at dei lærer gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald i barnehagen
  • vaska leiker jamnleg
  • vera ekstra mykje ute med barna i tida frametter
  • ha mindre grupper av barn som er saman med fast tilsette

Dersom barnet ditt ikkje kjenner seg bra
Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom, skal de ikkje møta i barnehagen. Det er ekstra viktig no at barna er heime i minst eitt døgn etter at dei har vorte symptomfrie. Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikkje følgja eller henta barn i barnehagen. Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal de heller ikkje møta i barnehagen. Dersom barnet ditt vert dårleg i barnehagen, må de henta barnet så fort det let seg gjera.
 

Nyttige lenker om opning av barnehagane

Rettleiing om smittevern i barnehagen (Folkehelseinstituttet og Udir)

 

Spørsmål og svar om rettleiaren for smittevern i barnehagen (regjeringen.no)


Informasjon til foreldre om opning av barnehagane - engelsk

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane – arabisk

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane - somali

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane – polsk

Regjeringa har lagt fram Korona-rettleiar om smitteverntiltak når barnehagane opnar att.

Meir om barnehage ligg under "Skule, SFO og barnehage"

korona5_60x60

Fysioterapitilbodet

12.11.20

Fysioterapitenesta har vanleg drift med smitteverntiltak. Dette gjeld både i kommunalt og privat praksis (gjeld Friskhuset og Hafslo fysioterapi).

Me følgjer krav om smittevern frå folkehelseinstituttet, og både pasient og terapeut må vera heilt friske for å møta opp.

Ber om at du som har time møter presis for å unngå unødig samling av folk i venteromma. Fint om du ringer, sender sms eller e-post for å kontakta oss for time eller spørsmål i staden for å møta opp i lokala. Me kan også tilby videokonsultasjonar ved behov.

For kontaktinformasjon sjå her

korona5_60x60

Næringslivet

11. november

Kompensasjonsordning for næringslivet

4. november

Nye regler for arbeidstakere og arbeidsgivere om permitteringer, dagpenger, sykt-barn-dager, sykefravær og egenmeldinger

korona5_60x60

Tilpassa informasjon retta mot helse- og omsorgspersonell, pårørande og eldre

korona5_60x60

Korleis førebyggje smitte? Hygieneråd

Alle som oppheld seg i Luster kommune skal ivareta god og forsvarleg hand-, hoste- og nysehygiene. Handhelsing, klemming og anna nærkontakt skal avgrensast. Alle føresette og vaksne med ansvar for andre bør jamleg rettleie om personlege hygienetiltak.  Råd frå Folkehelseinstituttet

Hygieneråd

korona5_60x60

Karantene - nasjonalt vedtak

korona5_60x60

Til deg som er avlastar, støttekontakt, treningskontakt

  • Når det gjeld desse tenestene må både tenestemottakar og tenesteytar vere symptomfrie for at du kan utføre oppdraget.
  • De vert oppfordra til å syne omsyn i høve å halde avstand, dvs. ikkje køyre i bil saman med tenestemottakar.
  • I første omgang bør de legge til rette for uteaktivitet. Om ikkje dette let seg gjere, må de syne varsemd og halde ei viss avstand, jf. generelle reglar.
  • De må avtale nærare med brukar/føresette.  
  • Dersom du har vore på reise til/opphalde deg i kommunar med høgt smittetrykk, bør du bruke munnbind i kontakt med tenestemottakar dei første dagane. Du treng ikkje nytta munnbind utandørs. Du held då avstand, helst 2 meter.
  • Er du som oppdragsytar i tvil om du skal vere saman med tenestemottakar, ta kontakt med konsulent for menneske med nedsatt funksjonsevne, Aud Jorunn Høyheim på 57685715/46892617 som er å treffe på måndag – fredag mellom kl. 08.00 – 15.00.

Syner forøvrig til generelle hygieneråd for Luster kommune.

korona5_60x60

Lokale hjelpetiltak frå frivillige

Luster kommune er i tett dialog med Luster Røde Kors og Frivilligsentralen og me opplever det som trygt at me har mykje frivillige ressursar i lokalsamfunnet vårt når me treng det.

Ringevenn

Mange sit i karantene, eller må halde seg innandørs for å unngå smitte. Dei kunne hatt glede av ein ringevenn. Ein ringevenn ringer til ein person som er åleine eit par gonger i veka for å prate litt.

Telefonvenn.
Å få ein telefonvenn kan bety mykje for ein som er isolert og bur åleine.
Me søker frivillige som ynskjer å vere ein telefonvenn. Den frivillige må vere fylt 18 år.
Den frivillige har tausheitsplikt og får retningslinjer som skal fylgjast.
Vil du ha ringevenn eller ynskjer å bli ringevenn så kontakt oss.
Luster frivilligsentral tlf. 456 65 954.

Utkøyring av matvarer

Trenger du hjelp til å få køyrt matvarer heim til deg? Frivillige hjelper til med å hente bestilte matvarer på butikken og bringer dei heim til deg. Grunna korona viruset vil matvarene bli satt utanfor inngangsdøra di. Ring Luster Frivilligsentral tlf. 45665954 for nærare avtale.
Aldersgruppe: For alle
Mange sit i karantene, eller må halde seg innandørs for å unngå smitte.
Andre har mista moglegheita for å ta serviceskyssen då dette tilbodet er innstilt inntil vidare.
Dette kan skape utfordringar med tanke på handling av matvarer.                               
Me har frivillige som kan hjelpe med å hente bestilte matvarer på butikken og bringe dei heim til deg.
Den frivillige har tausheitsplikt og får retningslinjer som skal fylgjast.
Luster frivilligsentral tlf. 456 65 954.