Mellom fjell, fjord og folk
Naturarvprosjektet i Luster
Som eitt av 15 prosjekt i landet er Luster kommune komme med i Direktoratet for Naturforvaltning sitt satsingsprogram ”Naturarven som verdiskapar”. Prosjektet starta opp i 2010 og held fram til utgangen av 2013. Målet er å auke verdiskapinga knytt til verneområda og naturområda i kommunen. Lokal deltaking i prosjektet er avgjerande for å klare dette. På denne sida skal du finne oppdatert informasjon om prosjektet og om korleis det er mogeleg å delta.
Målsetting
"Mellom fjell, fjord og folk" har eit heilskapeleg verdisettingsmål. Det vil seie at prosjektet skal bidra til å styrke både dei kulturelle verdiane, dei sosiale verdiane, dei økonomiske verdiane og dei miljømessige verdiane som knytt seg til naturområda i kommunen. Dette skal gjerast gjennom fokus på:
Kunnskap - Det skal opprettast læringsareaner knytt til natur- og kulturverdiane for både lokalbefolkning, næringsaktørar, grunnskulen og turistar.
Samarbeid - Det skal etablerast eit eller fleire nettverk i kommunen for utviklingarabeid og/eller merkevarebygging innan natur og kulturbasert næring.
Verdiskaping - Det skal etablerast både stadeigne og overgripande strukturtiltak som skal betre det sosiale tilbodet og auke lønnsemda for lokalt næringsliv, både direkte og indirekte.
Organisering
Prosjektet er delt inn i seks ulike delprosjekt (sjå kapitel om kvart delprosjekt for meir informasjon). Prosjektleiar koordinerer og driv prosjekta ved hjelp av lokale initiativtakarar og ressurspersonar. Ei styringsgruppe bestemmer retninga til prosjektet, mellom anna gjennom vedtak av prosjektplan, tiltaksplan og budsjett.
Prosjektplanen er utgangspunktet for prosjekplanlegging og detaljeringa resten av prosjekperioden. Trykk lenke for å sjå prosjekplanen. Prosjektplan.pdf
Kvart år vedtek dessutan styringsgruppa eit årsbudsjett (oktober) og ein tiltaksplan (januar). Desse legg føringar på kva aktivitetar og tiltak som får fokus det aktuelle året. Trykk lenke for å sjå tiltaksplanen for 2011. Tiltaksplan 2011.pdf
Finansiering
Prosjektet er finansert med midlar frå Direktoratet for naturforvaltning (50%), Sogn og Fjordane fylkeskommunen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Luster kommune. I tillegg er det påregna eigeninnsats hjå prosjektdeltakarane.

Prosjektleiar: