Logo - Folk i fleire hus Prosjekt - Folk i fleire hus
"Det gode liv på landet" er motivasjon for stadig fleire som ynskjer å flytta motstraums,- bort frå trøyngsle og trafikk i tettbygde strok og til eit reinare og tryggare oppvekstmiljø for borna i bygde-Noreg. I Luster har me kvalitetane som mange drøymer om, flott natur, trivelege lokalmiljø og rikeleg med boltreplass for vaksne og born.

Det viktigaste hinderet for å realisera draumen om det gode liv i Luster, er for mange at dei ikkje klarer å få seg ein stad å bu, trass i at fråflytta hus mange stader ligg som perler på ei snor. Det er nemleg svært få eigarar som ynskjer å selja eller leiga ut perlene sine, jamvel om dei ikkje har høve til å bruka dei noko særleg sjølve.

Føremålet med prosjektet er å få heilårsbusetnad i fleire hus på gard og i grend i kommunen. Kva skal til for at eigar flytter attende? Kan huset ditt vera aktuelt å leiga ut eller seljast til andre som ynskjer å å bu i kommunen?
Prosjektet vart starta opp i september 2010 og vert avslutta januar 2013.

Kontaktinformasjon

Valborg Heløy - prosjektleiar Prosjektleiar:

 Valborg Heløy
 Rådhuset
 6868 Gaupne



Tlf: 57 68 55 85
Mob: 909 19 040
E-post

Web levert av CustomPublish AS