10-11. februar vert det Improteaterkurs på ungdomshuset Skogly i Kaupanger!
Er du mellom 13 og 18? Glad i å stå på ei scene, eller ynskjer du å prøve noko heilt nytt?
Kanskje du til og med har prøvd deg på Improteater eller Teatersport™ før? Uansett er Minus Manus noko for deg!
Du får garantert vener for livet! Hiv deg på dette låg- terskeltilbodet for å lære om improvisasjon og teatersport!
Kurset vert avslutta med fartsfylt uttak til Junior-NM i Teatersport. Vinnarane går vidare til den store sentralmønstringa på SplæshCamp 2018!
Kurset er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Ungdomslag, Sogndal kommune og Frilynt Norge og Teateralliansen.

Tid: 10. - 11. februar (laurdag: kl. 12:00-20:00, søndag kl. 09:00-17:00).
Stad: Ungdomshuset Skogly i Kaupanger.
Målgruppe: Ungdom (13-18 år).
Pris: 200,- pr. pers.

Vi ordnar og mat laurdag og søndag.

Deltakartal: 15-40 stk.

Kontakt Christoffer Knagenhjelm på christoffer@ungdomslag.no for påmelding eller meir informasjon om kurset.

Du finn òg meir informasjon på http://minusmanus.no/