Programmet vert tilbydd i 2 år, frå november 2016. Vaksinasjonen består av tre doser gitt i løpet av 6-12 månader og vaksinasjon må vera starta innan desember 2018.

Vaksinen vert tilrådd unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadia til livmorhalskreft grunna HPV-infeksjon.

Tilbodet om gratis vaksine gjeld og for jenter fødd 1997 og seinare, og som tidlegare har takka nei i barnevaksinasjonsprogrammet.

HPV-infeksjon er den mest vanleg seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, flest i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65-100 dør av sjukdommen. Vaksinen kan gi beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.

Tilbodet er til kvinner i aktuell aldersgruppe som oppheld seg i Luster kommune.

Dei som ønsker vaksine tek kontakt med Luster helsestasjon for timebestilling frå 1. oktober på telefon 57 68 56 05

Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine: Folkehelseinstituttets nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine